Alfred Lunde memorial

Om Alfred Lunde

Osingen Alfred Lunde utvandra i 1957 til USA som femtenåring. 

I Texas vart han teke vel imot av sin onkel Albert Særvold som hadde etablert sin eigen legepraksis i Galveston. 

Solide resultat frå High School og universitetet i Austin resulterte i 1966 med jobb i den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA (National Aeronautic and Space Administration). 

Alfred vart med denne jobben ei viktig brikke i det amerikanske romfartseventyret. 

Han hadde ei verdifull rolle i planlegging av alle Apollo ferdene. 

20. juli 1969 kunne dei feire at to amerikanske astronauter frå Apollo 11 satte sine fottrinn på månen.

Lunde var i april 1970 ein nøkkelperson i arbeidet med å redde mannskapet og sikre returen av den skadde Apollo 13 kapselen. For sin innsats vart han og hans team heidra av president Nixon. 

Alfred Lunde var også tungt inne i arbeidet med romstasjonen Skylab samt romfergeprogrammet og utplassering av Hubble-teleskopet (1990). 

Her heime fekk me mest oppleva han på NRK. I mange program gav han oss innsikt i det amerikanske romfartsprogrammet der han knytta dette opp mot vitenskap, miljø og framtidsperspektiv. 

Han utgav tre bøker om romfart.


Den 19. november 2022 ville Alfred Lunde blitt 80 år, men hjertetrøbbel resulterte i hans død allereie i 1996 - kun 53 år gamal.


Om monumentet.

Monumentet vert beståande av ein open granittsokkel med ein byste av Alfred, samt tre bronseelement inni. Desse elementa vil illustrera deler av Alfreds virke. Det vil også vere ei tekstplate med kort informasjon om Alfred Lunde og hans virke. Det vil også bli produsert to «satelitt-plater» som vil bli plassert to andre plasser i vår kommune med supplerande informasjon om Alfred. 

Minnesmerket vert utført av skulptør Vidar Bratlund-Mæland og vil bli plassert på heimegarden på Lunde. Det er vårt ønske at dette kan bli ei løype som kan innby til draumar om rommet, teknologi og kunnskap. Noko familier kan ha som del av ein tur, eller som mål for ein familieutflukt.